Velkommen til Friluftsliv ++ // Norge og Svalbard ved Møre folkehøgskule! Her får du oppleve alt det beste Norge har å by på – frå nord til sør, inkludert ein spektakulær tur til Svalbard. Linja gir deg eit heilt år fylt med fartsfylte aktivitetar, adrenalinkick og naturopplevingar som du aldri vil gløyme.
Velkommen til Friluftsliv ++ // Norge og Svalbard ved Møre folkehøgskule! Her får du oppleve alt det beste Norge har å by på – frå nord til sør, inkludert ein spektakulær tur til Svalbard. Linja gir deg eit heilt år fylt med fartsfylte aktivitetar, adrenalinkick og naturopplevingar som du aldri vil gløyme.
Vi tar deg med på fjellturar i dei mest ikoniske fjellområda i Norge, inkludert Sunnmørsalpane, Jotunheimen, Rondane og Lofoten. Her får du gå toppturar til fots og med ski gjennom ulike årstider, samtidig som du lærer om trygg ferdsel, skredfare og risikovurdering. Vi tilbyr klatring både inne og ute, frå Sunnmørsalpane til Lofoten og Svalbard, med moglegheiter for å ta brattkort og fordjupe deg i klatreteknikk. Du får også prøve deg på Via Ferrata i Loen og opp til Skålatårnet.
Surfebrettet får du med på bølgene i Hoddevika og Lofoten, og vinteren byr på kiting i snøen på Finse. Om du vil ha meir vassmoro, kan du bli med på hav- og fjordpadling langs dei storslåtte fjordane – her lærer du teknikk og tryggleik medan du utforskar den lokale kystkulturen. For dei som elsker fart, byr vi på downhillsykling i nokre av dei beste områda i Norge, inkludert Hafjell og Hemsedal. Her handlar det om meistring, teknikk og trygg sykling.
Vi reiser også til eksotiske Svalbard for ein heilt unik arktisk ekspedisjon, der du får oppleve isbrear, fjellturar og villmarksliv. I tillegg besøker vi Nordkapp og Lofoten for klatring, fotturar og utforsking av naturen.
Gjennom året lærer du også om fjellsikkerheit og skredkunnskap, friluftsliv og miljø, samt førstehjelp i naturen – slik at du kan ferdast trygt og ansvarleg i allslags terreng. Kvar veke blir fylt med praktiske opplevingar og aktivitetar, med individuelle og gruppebaserte utfordringar. Vi legg opp til lengre turar rundt om i landet, med overnatting i telt, lavvo, hengekøyer og hytter – og av og til litt luksus med fjellhytter og gode fasilitetar.
Bli med oss til Lofoten for surfing, klatring og fjellturar, til Svalbard for ein arktisk ekspedisjon med isbrevandring, til Hoddevika for surfing og camping, til Loen for Via Ferrata, og til Nordkapp for å oppleve Norges nordlegaste punkt. Klar for å ta eventyret til nye høgder? Bli med på Friluftsliv ++ // Norge og Svalbard!
Fordi vi alle har eit ansvar for at framtida skal bli bra for våre barn og barnebarn! På Møre folkehøgskule handlar berekraft om meir enn CO2. Vi kombinerer kunnskap om livet i andre land med medvitet om at vi alle må jobbe for ei berekraftig framtid.
«Vi reiser med meining» er vårt motto. Berekraft handlar også om å skape forståing mellom folk og kulturar. Det får vi til ved å reise, sjå, og til slutt forstå.
For å halde utsleppa av Co2 nede reiser denne linja minst mogeleg med fly. Vi bruker tog eller eigne bilar og bussar når vi kan og fly når vi må.
I starten av året vel klassa 4 av FN sine berekraftsmål som vi skal jobbe med gjennom heile skuleåret. Slik blir du med på å skape ei betre framtid – både for vår generasjon og dei som kjem etter oss! Og det beste? Du får minner og vener for livet medan du er med på noko som verkeleg betyr noko!
Heilt eller halvt år?
Viss vi har plass kan du velje å vere med på eit halvt år på denne linja! Du kan også kombinere med ei av våre andre halvårslinjer! Valet er ditt!
Look in the menu at the top!
Du får oppleve det meste på denne linja. Vi har to lange reiseperioder, ei rett etter haustferien og ei mellom vinterferie og påske. Då er du rundt på forskjellige destinasjonar i Norge og går pååå toppturar, klatrar, surfar og står på ski. Toppen av det heile er kanskje turen til Svalbard i siste del av april. Der får du oppleve fantastiske naturopplevingar, snøscooter-turar, hundekøyring og kjenne på kroppen kva det vil seie å vere så langt nord!
Denne linja passar for deg som likar livet ute, og vil oppleve mest mulig av det Norge har å by på på eit skuleår! Du må vere i normalt god form både fysisk og psykisk. Du vil verte utfordra undervegs, men det skjer med planlagt progresjon og vi tilpassar oss til ditt utgangspunkt. Vi garanterer at du vil kjenne meistringsfølelsen undervegs! Godt humør og stå-på vilje hjelper veldig når utfordringane kan sjå tøffe ut, så husk at dette er ei oppleving som du kanskje får vere med på berre ein gong i livet!