Skulerute 2026–2027
Her finn du informasjon om skulestart, skuleslutt og feriar gjennom skuleåret.
Start og slutt på skuleåret
Laurdag 22. august 2026 – skulestart
Laurdag 22. august er første skuledag for heilårselevar og halvårselevar på haustsemesteret.
Vi tek imot elevar frå kl. 10.00, og dei fleste kjem i løpet av dagen for å flytte inn på romma sine. Skuleåret startar med ei felles samling kl. 16.00.
Foreldre, føresette, søsken, besteforeldre, kjærastar og andre som står deg nær er sjølvsagt velkomne til å vere med på opninga. Mange kjem saman med familie eller vener, medan andre kjem åleine – begge delar er heilt vanleg.
Ønskjer du å kome dagen før, er det berre å gi oss beskjed. Då tek vi imot deg fredag.
Torsdag 17. desember 2026 – siste skuledag før jul
Torsdag 17. desember er siste skuledag for halvårselevane på haustsemesteret og siste skuledag før juleferien for heilårselevane.
Undervisninga sluttar kl. 12.00.
Tysdag 5. januar 2027 – oppstart etter juleferien
Tysdag 5. januar er første skuledag for halvårselevane på vårsemesteret og første skuledag etter juleferien for heilårselevane.
- Nye elevar møter kl. 10.00.
- Heilårselevar møter kl. 12.00.
Søndag 9. mai 2027 – siste skuledag
Søndag 9. mai er siste skuledag for både heilårselevar og halvårselevar på vårsemesteret.
Etter avslutningsseremonien kl. 12.00 reiser elevane heim.
Feriar i skuleåret 2026–2027
Haustferie
- Siste skuledag før haustferien er torsdag 1. oktober.
- Undervisninga sluttar kl. 12.00.
- Skulestart etter haustferien er måndag 12. oktober kl. 12.00.
Juleferie
- Siste skuledag før jul er torsdag 17. desember.
- Undervisninga sluttar kl. 12.00.
- Dette er også siste skuledag for halvårslinjene på haustsemesteret.
Skulestart etter juleferien er tysdag 5. januar:
- Nye halvårselevar møter kl. 10.00.
- Heilårselevar møter kl. 12.00.
Vinterferie
Skuleåret 2026–2027 har vi ikkje vinterferie.
I denne perioden er alle linjene på studietur i utlandet.
Påskeferie
- Siste skuledag før påskeferien er fredag 19. mars.
- Skulestart etter påskeferien er onsdag 31. mars kl. 12.00.
Open skule og avslutningshelg
Helga 7.–9. mai er siste helga i skuleåret og blir markert med open skule, pakking og avslutningsarrangement.
Vi inviterer familie og andre som står elevane nær til å kome på besøk. Mange har med foreldre eller føresette, medan andre inviterer kjærastar, sysken eller vener.
Det blir sendt ut eige program for avslutningshelga i god tid før arrangementet, men laurdag er det fotografering, felles middag med foreldre/gjester. På kvelden er det program i gymsalen og takk for i år. Søndag er det frokost og avslutning for elevane. Då er vi ferdige til klokka er 12 og alle reiser heim saman med flyttelasset!
Viktig informasjon om reiser
27. november til 4. desember reiser heile skulen på fellestur til Fuerteventura. Turen går til/frå Gardermoen og der blir nokre avspasseringsdagar både før og etter turen. Meir informasjon om denne turen får du ved skulestart.
I samband med studieturar og andre linjeaktivitetar kan enkelte klassar ha eigne oppmøte- eller avreisetidspunkt.
Vi tilrår derfor at du ikkje bestiller reiser til og frå skulen før du har fått informasjon frå linjelæraren din.
Det er også lurt å vente med å bestille billettar til feriar og fridagar til etter skulestart, då det kan kome justeringar eller eigne opplegg for den enkelte linja. Eventuelle endringar vil du få informasjon om ved skulestart.
