Internatet ved skulen

Romma

  • Skulen har 47 dobbelt rom, 4 trippelrom og 4 enkeltrom
  • Romma er utstyrt med seng, 75 x 200 cm, nattbord, eit kleskap til kvar
  • Elevane må ha med eiga dyne og pute pluss trekk og laken
  • Handdukar, såpe og personleg toalettsaker må du halde sjølv
  • Alle elevar får nøkkel til rommet sitt, og til ytterdøra til internatet
  • Alle må betale eit depositum på kr 500 som vert tilbakebetalt ved skuleslutt når nøkkelen leverast tilbake

Klesvask og elevkjøkken

  • Skulen har to elevvaskeri med vaskemaskinar og tørketromlar. Elevane må halde vaskepulver sjølve
  • Der er tre elevkjøkken med vasskokar, komfyr, oppvaskmaskin, kjøleskap og litt enkelt utstyr. Elevane har ansvar for reinhald og orden på desse.
  • Den enkelte elev må ta med kopp, fat og bestikk til eiga bruk i fritida

 

 

Reise til og frå skulen

Møre folkehøgskule ligg under Sunnmørsalpane i Ørsta sentrum, to steinkast frå Ørstafjorden og ein joggetur frå Ørsta/Volda lufthamn. Det går direktebussar frå Oslo, Bergen og Trondheim. Frå Ørsta til Volda tek bussen ti minutt, til Ålesund 1,5 time.

Du kan reise til og frå Ørsta på fleire måter

Fly Ørsta/Volda (Hovden): Widerøe

Fly Ålesund: NorwegianSAS

Buss: Nor-Way Bussekspress

Ferge: Fjord1