Stipendiatlinja er populær på Møre folkehøgskule! I år søkte 42 av 84 førsteårselevar om plass som stipendiat til neste skuleår. 16 av desse har no fått plass som stipp og andreårselev. Deira oppgåver blir både å hjelpe dei nye elevene med å finne seg til rette på skulen og å vere hjelparar for lærarar og administrasjon i oppgåver der dei trengs. I tillegg får dei også dette året masse spennande opplevingar både som eiga klasse og saman med førsteårselevane. Dette opplegget kallar vi internt på god nynorsk for «level up». I det legg det at vi tek det meste eit steg vidare samanlikna med det dei var med og skapte det første skuleåret!
Vi gler oss til skulestart!