40 prosent omgjering til stipend blir vidareført – stor jubel på Møre folkehøgskule

Det er jubel og lettelse i folkehøgskulemiljøet etter at det i natt blei klart: Neste års elevar får likevel gjort om 40 prosent av studielånet sitt til stipend, slik ordninga har vore dei siste åra. For ein folkehøgskuleelev kan dette utgjere inntil 40.000 kroner for eit år.

Folkehøgskuleelevar får, som andre studentar,  støtte som lån frå Lånekassen. Når dei fullfører året utan for stort fråvær, blir 40 prosent av lånet gjort om til stipend – pengar dei slepp å betale tilbake. Denne ordninga har vore avgjerande for mange som vurderer eit folkehøgskuleår.

Difor kom forslaget i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett brått og overraskande: Kutt av stipenddelen frå 40 til 15 prosent. Forslaget utløyste sterke reaksjonar over heile landet.

Massiv motstand

Protesten lét ikkje vente på seg. Elevråd, rektorar, tidlegare elevar og foreldre engasjerte seg, skreiv lesarinnlegg og deltok i den offentlege debatten. Det har vore tallause medieoppslag, dei fleste svært kritiske til forslaget. Både Ørsta kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok uttaler der dei bad om at forslaget vart reversert.

Samtidig signerte over 35.000 personar ei underskriftskampanje for å stanse kuttet. Representantar frå folkehøgskulane – både elevar og rektorar – overrekte underskriftene til dei fire partia som forhandla om statsbudsjettet.

Glede og lettelse på Møre folkehøgskule

På Møre folkehøgskule er reaksjonen eintydig: glede, lettelse og stor takk til alle som engasjerte seg.

– Dette er ei stor dag for folkehøgskulane, og for alle unge som ønskjer eit utviklande og inkluderande år utan at økonomien skal vere eit hinder, seier rektor Rune Hovde. – Eg er imponert over innsatsen til elevane våre, tilsette, lokal- og fylkespolitikarane og alle andre i som ser den viktige jobben folkehøgskulane gjer og som stod opp for saka.

At 40-prosentordninga no blir vidareført, betyr at folkehøgskulen framleis blir for alle.Elevane får eit år der dei  både lærer og veks som menneske – og at Møre folkehøgskule framleis kan vere eit trygt og tilgjengeleg alternativ for ungdom frå heile landet og verda.