4 månader på folkehøgskule kan høyrest kort ut, men for kinaklassen har tida gått i rasande fart. Sidan skulestart har elevane kasta seg ut i språk, kultur og opplevingar – og læringskurva har vore bratt.

Allereie no meistrar mange i klassen over 150 kinesiske teikn, både munnleg og skriftleg. Ein enkel samtale på mandarin? Det går heilt fint. I tillegg har elevane sunge kinesiske songar, dansa, sett dokumentarar og jobba i grupper med kinesisk historie, kultur og tradisjonar. Mahjong er lært, knutekunst er testa, tekulturen er utforska – og morgongymnastikk har vore ein effektiv start på dagen i mørketida.

Som om ikkje det var nok, har klassen også starta med grunnleggande japansk. Dermed får elevane utforske endå meir språk og kultur frå Aust-Asia.

– Vi er på veg til å bli ekte asiatere, seier fleire i klassen med eit smil.

No er også destinasjonane for årets studietur bestemte, og førebuingane er godt i gang. Det er mykje planlegging, høg stemning og stadig meir reisefeber.

Heime på Sunnmøre har klassen vore på tur til fugleøya Runde, besøkt vakre Romedalen og vore på fleire fjellturar rundt Ørsta. Bålkos og aking frå gapahuken har blitt faste innslag i kvardagen.

På kjøkkenet har elevane laga både sushi og kjende kinesiske rettar som kung pao-kylling, kinesiske bollar med heimelaga vaniljesaus, vårrullar og kinesiske pannekaker – så her er det berre å glede seg til juleferien.

Elevane bloggar jamleg om kvardagen sin, og for den som er nysgjerrig, kan ein følgje med på www.kinaklassen.com. Klassen er også å finne på Instagram: @asia_unlocked_morefhs.

Vi ønskjer alle ei riktig god jul!
圣诞快乐!メリークリスマス!