Møre folkehøgskule går no inn i ein ny fase av utviklinga si. Frå skuleåret 2026–2027 får heile skulen ein tydlegare felles struktur der fellesskapet mellom linjene blir sett i sentrum. Målet er å skape eit endå sterkare sosialt miljø – på tvers av interesser, fag og reisemål.

– Vi har hatt fleire år med mykje linjefokus og mange ulike aktivitetar. No ønskjer vi å binde dette saman og løfte fram det som gjer Møre heilt spesielt: at vi er éin skule, éin gjeng og éin fellesskap, seier rektor Rune Hovde.

Møre – eit symbol på samhald

Som eit konkret grep blir den nye felles utanlandsturen Escape Møre eit sentralt element i den nye strukturen. Turen skal gjennomførast mellom oktober og desember, og samla alle elevane – uavhengig av linje – til ei felles oppleving i varmare strøk.

– Escape Møre handlar ikkje berre om sol og eventyr, men om å reise saman som skule. Vi skal oppleve noko nytt, utfordre oss sjølve og bli betre kjent på tvers av linjene. Fellesskapet som blir skapt der, varer heile året, seier Hovde.

Sterkare felles identitet

Dei ulike linjene  vil framleis ha sine eigne særpreg og reiser, men det felles prosjektet skal bidra til å knyte alt saman. Elevane skal kjenne at uansett kva linje dei går på, er dei ein del av Møre-fellesskapet.

– Når elevane kjem heim frå Escape Møre, vil dei ha eit felles minne og eit sterkare “vi”. Det gir oss betre trivsel, meir samarbeid og ein kultur som varer, seier Hovde.

Byggjer vidare på styrkane våre

Endringa kjem som del av eit større strategiarbeid der Møre folkehøgskule har gått gjennom heile linjeporteføljen og samla skulen rundt felles verdiar: ekte opplevingar, ekte fellesskap og ekte vekst.

– Vi skal halde fram med å tilby varierte linjer og spennande reiser, men med tydelegare struktur og meir felleskap på tvers. Dette er Møre slik vi vil vere i framtida, seier Hovde.

Linjene våre for skuleåret 26-27:

Pulse & Power // Friluftsliv, Idrett og Trening
Tidlegare kjend som Multisport X // Thailand. Linja har fått nytt namn, men held fast på det som fungerer: variert aktivitet, treningsglede og sterke opplevingar – med lang studietur til Thailand midt på vinteren.


Surf & Summit // Topptur, Klatring, Ski og Surf
Byggjer vidare på dei mest actionfylte friluftslivstilboda våre. Her får du høg puls i fjell og ved hav, med toppturar, klatring og surf – og studietur til Bali som årets store høgdepunkt.


Asia Unlocked // Språk, Kultur, Reise og Mat
Ei vidareføring av den tidlegare Kina/Japan-linja. No opnar vi døra til meir av Asia, med fokus på språk, kultur og matopplevingar – og studietur til både Kina og Japan.


Wander & Wonder // Verda som klasserom
Ei moderne reiselinje for deg som vil oppleve meir og planlegge sjølv. Du lærer å utvikle og gjennomføre eigne reiser – med elevstyrt studietur og verda som læringsarena.


Frame by Frame // Story, Film og Foto
Har røter i animasjonsfaget vårt, men er no breiare og meir retta mot visuell historieforteljing. Du jobbar med film, foto og kreative uttrykk – og reiser til Japan på studietur.


Peaks & Pixels // Fjell, Fjord og Gaming
Ei ny linje som kombinerer ekte naturopplevingar med digital kultur. Her vekslar du mellom fjellturar og gaming – med studietur til Japan som felles møtepunkt.


Sea & Soul // Kropp, Sinn og Balanse
Utvikla for deg som vil ha meir ro, retning og balanse i kvardagen. Linja kombinerer aktivitet, livsmeistring og fellesskap – med studietur i Europa.