Årets kull på Møre folkehøgskule har fått ei avslutning på skuleåret som ikkje vart som planlagt. Vi har frå regjering og departement fått klar beskjed om at skulane skal vere stengt resten av semesteret. Dei siste meldingane kom til folkehøgskulane i etterkant av regjeringa si pressekonferanse tysdag 7.april 2020.
Vi skal dei siste vekene fortsette med nettbasert undervisning, og administrasjonen og lærarar arbeider aktivt og kreativt for å skape eit godt og variert undervisningstilbod for alle klasser.
Vi satsar på å starte neste skuleår som planlagt 22. august 2020, og vi har lagt planar for å sikre oss at vi får gjennomført skuleåret og utanlandsreisene på ein trygg måte. Situasjonen framover og i haust, knytt til corona-viruset og fare for smitte, veit vi lite om, men vi har tru på at ting skal normalisere seg.
For å vere på den sikre side vil vi komande skuleår vil vi prøve å legge alle reiser til perioden mellom juleferien og påske. Mest sannsynleg blir reisene lagt med avslutning inn mot påskeveka 2021.
Vi følgjer med situasjonen frå veke til veke, og vi må rette oss etter dei vedtak som blir gjort av regjering og departement. Dei råd og reglar som blir presentert av Folkehelseinstituttet og lokale helsmyndigheiter bruker vi aktivt for å sikre at alle skal vere trygge.
Her finn du meir informasjon om corona-viruset og den beredskap og anbefalingar som blir gitt:
Beste helsing
Einar Opsvik, rektor
Møre folkehøgskule