Møre Folkehøgskule skal tilsette ny rektor frå hausten 2021. Vi ser etter person med relevant høgare utdanning (økonomi, leiing, pedagogikk), kompetanse og erfaring innan strategi og leiing, gjerne med erfaring frå tilsvarande arbeid i folkehøgskulen eller andre organisasjonar. Du bør vere god på strategiske arbeidsprosessar og ha evne til å gjennomføre tiltak, evne til å motivere og inspirere, vere samlande overfor pedagogisk og praktisk personell, og vere god på å bygge relasjonar internt og eksternt.

Søknadsfrist er 9. juli 2021.

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna ansvar for å sikre at skulen har høg kvalitet i læring og allmenndanning, og at skulen blir drifta i tråd med lovverk, prinsipprogram for frilyndt folkehøgskule og skulen sine mål og verdiar.
  • Ansvar for dagleg drift og utvikling av skulen.
  • Personalansvar, oppfølging og vidareutvikling av dei tilsette.
  • Sikre stabil økonomi og gode administrative rutinar.
  • Vedlikehald av bygningar og materiell.
  • Det må påreknast noko arbeid kveld og helg.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning (økonomi, leiing, pedagogikk).
  • Kompetanse og erfaring innan strategi og leiing.
  • Gjerne erfaring frå tilsvarande arbeid i folkehøgskulen eller andre organisasjonar.

Personlege eigenskapar:

  • God på strategiske arbeidsprosessar og evne til å gjennomføre tiltak.
  • Evne til å motivere og inspirere, og vere samlande overfor pedagogisk og praktisk personell.
  • God på å bygge relasjonar internt og eksternt.
  • Pågangsmot og initiativ og evne til å gå opp nye vegar.

Vi tilbyr:

  • Eit spennande og variert arbeid saman med engasjerte medarbeidarar.
  • God kontakt med motivert ungdom.
  • Moglegheit til å forme utvikling og framtid for skulen.
  • Løn etter avtale, medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Skulen har eit godt arbeidsmiljø og stabil økonomi.

Søknadsfrist er 9. juli 2021.

Spørsmål om stillinga:

Styreleiar Anne Mette Liavaag
Mobiltelefon: +47 992 32 321

Klikk her for å sende søknad via FINN.no Enkel søknad

Om Møre folkehøgskule:

Møre folkehøgskule er ein frilyndt folkehøgskule og ligg sentralt plassert i Ørsta sentrum, omkransa av Sunnmørsalpane. Skulen har ca. 110 elevar og 18 tilsette, og bygg på lange tradisjonar som fundament for eit framtidsretta skuletilbod. For komande skuleår 2021-2022 har skulen seks linjer; fire linjer med friluftsliv i ulike variantar, ei animasjonslinje og ei linje med Kina som læringsfokus. Skulen har god søknad og høg fagleg kompetanse. Verksemda er organisert som ei stifting og har band til Sunnmøre frilynde ungdomssamlag.