Skuleåret starta med eit fellesprosjekt. Alle fekk opplæring i «Pixillasjon», eit fellesprodukt og klassefilmen «Pixel Champions» vart ein realitet. Ein god start på året! Alle blir kjent og vi legg grunnlag for eit gode klassemiljø resten av året.

Ein av dei grunnleggande teknikkane i animasjon er teiknefilm. Dette var det neste elevane i klassa fekk opplæring i. Teiknefilm kan lagast analogt på papir, eller digitalt med teiknebrett. Alle får opplæring frå botnen av, eller med utgangspunkt i det ein kan frå tidlegare. Dette er eit omfattande og tidkrevjande arbeid, men det gir flotte resultat!

Dukkefilm er ei spennande og mangfaldig tilnærming til animasjon. Med «Halloween» og grøssar som tema, vart dette organisert som gruppearbeid. Dukker og andre gjenstandar vart laga i plastilin. I siste del av semesteret lærte klassa «cut-out»-teknikk, og alle vart utfordra på å lage filmar med jul som tema. Nokre har prosjekt aleine og andre jobbar i lag i grupper.

Animasjonsfestivalen i oktober i Fredrikstad er eit fast innslag på menyen for animasjonsklassa. Besøket der hausten 2019 var spennande og inspirerande for alle. Langsmed i haustsemesteret får klassa og opplæring i redigering i Abobe Premiere, StopMotion og lydteknikk.

Klassa har også hatt gjestelærar som foreleser og har opplæring i «TVPaint» – digital 2D animasjon. I forbindelse med dette har klassa blitt utfordra på å lage musikkvideo eller eksperimentell animasjon. Haustsemesteret går i stor grad ut på å lære grunnleggande teknikkar og prøve seg på ulike prosjekt. Framover våren skal alle lage si eiga årsoppgåve, velje tema, innhald og ikkje minst ta stilling til kva teknikk ein vil fordjupe seg i.

Skulen får stadig flotte opplevingar når klassa presenterer filmar med eit stort spekter av innhald og teknikkar. Fleire i klassa har ambisjonar om å lære meir om animasjon, og mange søker på animasjonsutdanninga på Høgskulen i Volda.

Eit år på Møre folkehøgskule legg eit godt grunnlag for å bli kvalifisert for høgare utdanning.

Sjekk innom bloggen til animasjonsklassa på https://animasjonsklassen.com.