Friluftsliv X klassa på Møre Folkehøgskule med topptur, klatring og surf er populær. Om det er surfing i Hoddevika, toppturar i Sunnmørsalpane, via Ferrata i Loen eller fantastiske opplevingar på studieturen til Bali skal vere usagt, men etter å ha fått langt fleire søknadar enn vi har studieplassar vil vi no i første omgang doble kapasiteten og tilby plass på to klasser neste år.

Dei som vil ha plass må søke snarast råd. Vi har no 5 ledige plassar i den andre klassa, og desse reknar vi med blir fylt opp i løpet av få dagar.

Møre Folkehøgskule har spisskompetanse på turar til Bali. Vi legg vekt på at elevane skal få oppleve både surfing og andre aktivitetar, men vi har også fokus på kva verknad turismen har på kvardagslivet på dei stadane vi besøker. På den måten får vi både fantastiske friluftsopplevingar men også tankevekkjande stunder der vi ser kva vår livsstil betyr for miljøet.

Spørsmålet vi stiller er korleis vi kan klare å kombinere berekraft med våre ønskje om eksotiske opplevingar? Elevane våre på Friluftsliv X kjem heim med nye tankar om dette!

Les meir om aktivitetane på linjebloggen for Friluftsliv X Bali.