Kina: Håpskule-prosjektet

Møre folkehøgskule gir hjelp til fattige barneskular i Kina – vil du hjelpe oss? Vi på Møre Folkehøgskule meinar at utdanning er eit godt middel for å kome ut av fattigdom, og kan vere med å gi håp for framtida. Og med det muligheit til å betre framtidsutsiktane for elevane, familiane deira, og kanskje også heile lokalsamfunnet! 

Møre Fhs våre linjer besøk på Håpskulen
Håpskule-prosjektet vart starta opp av Møre Folkehøgskule i 2003. Prosjektet går i hovedsak ut på å støtte tre ulike barneskoler økonomisk. Dette gjer vi med å samle inn og tildele midler til konkrete prosjekt på skulane, samt å støtte enkeltelevar med nødvendig skulemateriell.

Vi samlar inn ved å pante flasker, arrangere kakesal, tombola og loddsalg. Noke blir også gitt som gåve frå privatpersonar og bedrifter. Disse midlane tek Kinaklassa med seg på den lange studieturen til Kina som dei kvart år reiser på. Vi tek fysisk del i hjelpearbeidet på skulen som vi besøker på turen. 

Når vi er på Håpskulen besøker vi også familiene til barna og underviser dei i engelsk.

 

Historia om håpskule-prosjektet:

 

1. Lilong barneskule

Denne skulen ligg i eit idyllisk fjellområde kvar folket lever av jordbruk. Dei fleste av dei 200 barna på skulen kjem frå fattige familiar. Skulen hadde verken råd til å kjøpa nok læremiddel eller forbetra undervisningslokalet. For å hjelpa barna på *Lilong skulen samla me inn pengar ved kakesal, tombola og flaskepanting kvart år.

  • I 2004 subsidierte vi barneskulen til å ombygge hovedinngangen og gjerdet rundt skulen. Med vår hjelp fekk barna i 2005 nye bord og stolar i klasseromma
  • I 2005 bidro vi med å bygge innlagt vatn på skulen for at barna skulle slippe å hente drikkevann frå eit reservoar som ligg 5 km unna
  • I 2006 bidro vi med å pusse opp klasseromma på skulen
  • Fra 2006 til 2008 samla vi inn penger til det nye undervisningsbygget og skolegården
  • I august 2008 blei dei nye klasseromma og leikeplassen ferdigbygd. Ein del av midlane kom frå vårt bidrag.
  • Hovedmålet siden 2009 er å bygge eit toalett for 200 barn med flisbelagte gulv og vegger og springvatn.
  • I 2017 stod eit ny bygg med toalett, kjøkken, sovesalar og laboratorier klart.
  • I 2018 besøkte vi Qiao Tou Pu barneskole som ligg ca. 30 km i fra Lilong og donerte over 1000 bøker. Tre skulejenter har fått støtte for lunsj på skulen og skrivesaker under heile skulegangen.
  • I 2019 donerte vi over 15 000 yuan for å kjøpe køyesenger på Qiao Tou Pu.

Kvart år besøker Kinaklassen Lilong barneskolen under Kinaturen. Vi kjøper med idrettsutstyr, bøker, pc-er, projektorer, kopimaskiner og anna undervisningsmateriell.

Klikk her for å sjå filmen om håpskule-prosjektet, oppdatert i år 2016.

2. Suoga barneskole

Siden mars 2010 har vi begynt å støtte Suoga håpskule som også er ein barneskule. Den ligger i Guizhou-provinsen i det sørvestlige Kina. Det er eit avsidesliggende område med ca. 4000 innbyggarar. 99% av befolkningen i heile området tilhører det «langhornede» miao-folket, ei av kinas minoritetar.

Skulen har eit nybygd hus for 6 klasser, men dei har ikkje mykje undervisningsutstyr.
Dei fleste barna kjem frå landsbyar i fjellområdet og har gjennomsnittlig ein og ein halv times gåtur til skulen kvar dag. For at alle barn skal få mat på skulen, står ein liten kantine med kjøkken på dagens prioriteringsliste.

3. Ganghe barneskole

Vi fekk kontakt med denne barneskulen i februar 2011. Ganghe barneskulen ligg ved foten av dei legendariske Wudang-fjella i Hubei-provinsen midt i Kina. Som Lilong barneskule ligg skulen i eit område med knapt dyrkbar mark til alle familiane. Mange vaksne har dratt til storbyar for å jobbe og tjene pengar. Dei fleste barna på skulen må bu aleine hos sine slektningar  i minst ni månedar i året. Skulen manglar nesten alt nødvendig undervisningsutstyr.»

 

Litt om det praktiske:

Om du ønsker å støtte prosjektet har vi ein konto for dette – Lilong Håpskule ved Møre Folkehøgskule, konto nummer 3991 09 92191. Merk innbetalinga med kva du ønskjer pengane skal gå til.

Opplæring og skulegang er den einaste vegen ut av fattigdom og gir håp for framtida og ein god barndom. På vegne av håpskule-prosjektet tek vi imot all støtte med takk. Vi ser det som eit stort privilegium å få spreie glede og optimisme i ein heilt vanlig kvardag der draumen er å kunne lære og få utdanning!

På kinaklassen.com/haapskolen finn du meir informasjon om kva vi har gjort fram til i dag.

Les vidare

Den lange reisa har starta. «Midtens rike // Kina & Japan» er på tur!

Nyheiter frå skulen//Publisert 01.03.2024 Av Webmaster
Midt i vinterferien var alt klart for årets store hending for «kinaklassa»; studieturen til Kina og Japan! Elevar og lærarar skal vere v…

«FIT // Thailand» 23/24 er på studietur!!!

Nyheiter frå skulen//Publisert 01.03.2024 Av Webmaster
25 elevar / assistentar og lærar er no på tur i Thailand! Gruppa er ei blanding av heil- og halvårselevar som reiser saman på denne turen. «…