Det tok si tid før vinteren og snøen kom i 2023. Men då den endeleg kom, fekk vi nokre fantastiske dagar i vårt lokale paradis! Dei siste vekene har vi hatt draumeforhold på toppturar med blå himmel, pudderkøyring og topp stemning! Stranda Skisenter har stilt opp med endelaust pudder og varm hyttekos på kveldstid. Friluftslivs X-klassene er no inne i ei periode med mykje fokus på å oppleve dei spektakulære Sunnmørstindane på ski. Men når vi ikkje har vore på fjellet, har vi tatt turen til Hoddevika for å surfe. Vi bruker også tida til å klatre innandørs i fleire av dei flotte klatrehallane som er i nærområdet, men må innrømme at vi også lengtar til våren så vi kan klatre meir utandørs 🙂

Det er stor interesse for både heil- og halvårs FX-linjer på Møre Folkehøgskule. Vi har derfor oppretta ekstra-klasser på FX, så du kan framleis søke og få plass til neste skuleår!