Kinaklassa er i innspurten med førebuingar fram mot den store seks-vekes turen til Kina i februar og mars 2020. Som dei fleste har fått med seg frå media er det eit alvorleg virusutbrot i den kinesiske byen Wuhan. Skulen følger nøye med på utviklinga og vi er klare for å sette inn nødvendige tiltak dersom situasjonen forverrar seg.

Møre folkehøgskule sitt viktigaste kriterium for å vurdere reisa til Kina, er dei tilrådingar som blir lagt ut på Folkehelseinstituttet sin web-sider. Her finn vi informasjon om kva som bør gjerast både før, under og etter tur til Kina. På UD sine websider blir det lagt ut informasjon dersom det ikkje er tilrådeleg å reise til Kina.

Dersom situasjonen forverrar seg og norske myndigheiter konkluderer med at vi ikkje bør reise til Kina, er vi klar for å sette i verk ein plan-B for klassa sin tur. Vi vurderer situasjonen frå dag til dag.

Nedanfor finn du lenker med utfyllande informasjon: