Det er lysare tider og skuleåret går mot slutten enten vi likar det eller ikkje. Vi har lagt bak oss vinteren med både puddersnø, sol, regn, sludd og snø i Norge. FX har vore her og fått opplevd alt dette, medan dei andre klassene har vore på andre sida av verda og opplevd ein annan kultur, eit anna land og eit anna klima!

No er alle klassene på skulen og i nærområdet og klare for ein hektisk innspurt på skuleåret. Dei siste dagane går fort og slutten kjem alltid brått på. Vi skal dei siste vekene runde av skuleåret og oppsummere det klassene har vore igjennom og skapt av underhaldning og opplevingar.

Vi vil i år invitere alle elevar, foreldre og føresette til det vi kallar ei årsavslutning laurdag 4. mai.

Programmet blir som følger:

Laurdag 4. mai

  • 09.00-10.30: Frukost for elevane og dei av gjestane som ønskjer det i matsalen.
  • 10.30-12.00: Tid til disposisjon til pakking eller for å sjå seg om i nærområdet i Ørsta.
  • 12.00-13.00: Lunsj på skulen for dei som ønskjer det.
  • 13.00-14.00: Føresette og elevar møter faglærarane i klasseromma.
  • 14.30: Fotografering ute viss vêret tillet det. Inne i gymsalen viss ikkje.

Elevane møter gjerne pynta i bunad, kjole, dress eller andre finkle.

  • 16.30: Middag i matsalen. Alle er invitert, husk påmelding!
  • 18.00: Avslutningsprogram i gymsalen med talar og song.

Hovedpost: «The best of Elevkveld 2023-2024».

  • Kl. 20.00: Kveldsmat/kaffi/kaker i matsalen

Påmelding

For at vi skal vite kor mange som kjem og kor mykje mat vi skal lage må gjestane (altså dei som kjem i tillegg til elevane) melde seg på på førehand. Foreldre/føresette melder seg på ved å betale kr 100 pr  person  på vårt VIPPS-nummer:

 504412 (Stiftinga Møre folkehøgskule)

Ta kontakt på tlf 700 41 999 eller e-post kontor@more.fhs.no om det er noko du lurer på eller du vil betale på ein annan måte.

Meld også ifrå om du treng spesialkost eller har allergiar som vi må vite om.

Meir informasjon finn du på vår Facebook-side!