Møre folkehøgskule har ledig stilling som Byggdriftar (vaktmeister i særklasse) frå 1. oktober 2022

Byggdriftar er ein sentral person ved skulen og har ansvar for drift og vedlikehald av bygningar med teknisk infrastruktur, brannsikring, skulen sine køyretøy og uteområde. Skulen har fokus på energiøkonomisering og berekraft og har siste åra investert i anlegg for både jord- og solvarme.

Kvalifikasjonar:
Vi søkjer etter deg som har røynsle frå liknande stilling og relevant utdanning, gjerne med fagbrev i byggdrift e.l. Du har interesse i å utvikle den tidlegare vaktmeisterrolla og er fleksibel, løysingsorientert og trivest i ein omskifteleg kvardag. Du må vere omgjengeleg og like å vere saman med andre tilsette og ikkje minst dei flotte ungdommane vi har ved skulen.

Skulen er som eit lite samfunn der vi innimellom kan vere avhenge av hjelp frå byggdriftar også utanfor normal arbeidstid. Det er difor ønskjeleg at du bor i nærleiken av skulen. Det blir lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og eigenskapar.

Skulen kan tilby:
Du vil møte utfordrande og interessante arbeidsoppgåver i eit miljø der det til tider er stort trykk medan ein i andre periodar har tid til å planlegge og gjennomføre vedlikehalds- og utviklingsprosjekt. Løn etter regulativ og utdanning og ansiennitet. Gode pensjonsordningar i Statens Pensjonskasse.

Ta gjerne kontakt med rektor Rune Hovde på telefon 90640051 om du har spørsmål om stillinga.

Meir opplysningar om skulen finn du på våre nettsider www.more.fhs.no.

Det er krav om politiattest for denne stillinga.

Søknadsfrist: Snarast, men seinast 10.06.2022