Etter to år med unntakstilstand der vi på skulen stadig har vore nøydde til å improvisere og endre planar, er det godt å sjå at ting no blir stadig meir normale igjen. No i februar har vi to klasser på tur i utlandet. Ei klasse er i Thailand og ei på Fuerteventura. Neste månad sender vi nok ei klasse på ein lang tur til Thailand, ei skal til Estland og to klasser reiser på opplevingstur til Lofoten. Det er spennande å vere elev på Møre Folkehøgskule sjølv om det er pandemi!
Neste år håper vi at alt er normalt igjen. Då skal vi endeleg få besøke Kina og Japan igjen, vi skal sende fleire klasser til Bali og Thailand står også på lista. I tillegg har vi spennande planar for miljøvenlege opplevingar i Noreg og Europa, så vi kan trygt seie at vi trur at også neste skuleår blir bra!
Det er spennande å vere elev på Møre Folkehøgskule. Året 2022 er etter alle solemerke året der pandemien misser makta. Møre folkehøgskule er klar til nytt skuleår 2022-2023 og vi gler oss!
Klikk her for å gå til sida for å søke skuleplass på Møre folkehøgskule.