Midtens rike // Kina & Japan

Språk, kultur & Reise
Alt om linja

«Midtens Rike // Kina & Japan» er linja som handlar om Asia med hovedvekt på mangfaldige Kina (Midtens rike) og Japan (Soloppgangens land). Målet for linja er å gjere dei beste opplevingane saman og på ein berekraftig og miljøvenleg måte, samtidig som vi utgjer ein forskjell for dei vi besøker!

Linja har fokus på kinesisk språk og kunnskap om Kina. I tillegg lærer du mykje om Japan, både kultur og historie. Dette er noko som kan vise seg verdfullt i arbeidslivet i åra som kjem, sidan både Kina og Japan er store marknader som er svært viktige for norske bedrifter!

Etter eit år på Midtens rike // Kina & Japan kan du mykje om begge landa. Vi bruker tid på å sammenligne og å finne ut kvifor dei to landa har blitt slik dei er i dag. Dette lærer du både i timane på skulen og ikkje minst på den lange studieturen vi har siste halvåret!

Opplev at du betyr noko for både deg sjølv og andre!

For dei fleste nordmenn er Kina eit land omslutta av eit tett tåkeslør. Dei fleste nordmenn har ganske liten kunnskap om landet. Linja sitt mål er å lette på dette sløret! Undervegs i skuleåret tek vi i undervininga for oss forskjellige emne knytt til Kina og Japan. Diskusjon om aktuelle hendingar i Aust-Asia er ein viktig del av undervisninga. Vi har fokus både på kulturforkjellar mellom Norge og Aust Asia. og på forskjellene mellom Kina og Japan!

«Håpskule-prosjektet» er sentralt gjennom skuleåret. Her samlar vi inn pengar til ein fattig barneskule i Kina. Møtet med barna der på studieturen vil garantert gi minne for livet.

Når vi er godt førebudde set vi på våren kursen mot austen og gjennomfører den lange studieturen i Kina og Japan.

Vi reiser og vi reiser med meining! Kvifor er berekraft viktig:

Om du er opptatt av berekraft er Møre folkehøgskule rette staden for deg. Her er nokre grunnar:

  1. Fordjupning. Folkehøgskulane gir deg sjansen til å fordjupe deg i eit emne du er interessert i. Du kan enten velge linjer der hovedfokuset er berekraft og miljøspørsmål, eller du kan velje ei linje der berekraft blir ein naturleg del av alle aktivitetane du får vere med på gjennom året.
  2. Praktisk erfaring. Vi legg vekt på at du skal lære gjennom å utføre. Du deltek på ekskursjonar og frivillig arbeid både i og utanfor Norge. Då får du sjå at berekraft er viktig og at miljøarbeid nyttar!
  3. Felleskap. På Møre folkehøgskule vil du møte både elevar som liknar deg sjølv og elevar som du ikkje heilt kjenner deg igjen i. Felles for dei alle er vilja til å vere med i det fantastiiske folkehøgskulemiljøet! Og du vil ganske så snart finne ut at også dei som verkar å vere ulike deg er rett så kjekke og likandes folk! Dette fellesskapet kan vere ein uvurderleg ressurs for å utveksle idear, inspirasjon og samarbeide om berekraftsinitiativer.
  4. Personleg vekst. Eit år på folkehøgskule handlar også om at du kjem til å vekse som person. Du kjem til å utvikle deg når det gjeld samarbeid, kritisk tenking og kommunikasjon. Dette er nyttige eigenskapar å ha når du skal påverke endring innanfor m.a. berekraft i åra som kjem.
  5. Inspirasjon for framtida. Eit år på Møre folkehøgskule kan hjelpe deg å definere dine verdiar og interesser. Kanskje ser du at kombinasjonen avberekrtaft og eit anna fag er nettopp det du vil både utdanne deg innan og arbeide med i åra som kjem?

Derfor, viss du meiner berekraft er viktig for deg kan eit år hos oss vere eit unikt og utviklande steg på vegen for å forstå, påverke og vere med og skape ei meir berekraftig framtid.

I starten av skuleåret skal elevane i kvar klasse velge ut 4 av FN sine berekraftsmål som klassa skal ha fokus på gjennom heile skuleåret. Slik er du med på å arbeide for ei betre framtid både for vår generasjon og dei som kjem etter oss! Og det beste av alt: Dette får vi til samstundes som vi får vere med på opplevingar som gir oss minne og vener for livet!

Haust

Dette kan du oppleve

  • Kina og Japan, kultur, historie og samfunnet i dag
  • Kinesisk språk og kalligrafi
  • Japansk språk og kultur
  • Kinesiske og japanske filmar
  • Kinesisk og japansk matlaging
  • Om prosjekt «Håpskulen»
  • Fjell- og vandreturar på Sunnmøre
  • Kinesisk knutekunst og origami
  • Politikk og aktuelle hendingar. Diskusjon og analyse.

Reise

  • Skulen ligg fint og sentralt midt i den vakre naturen i Ørsta omkransa av dei stolte Sunnmørsalpane på tre sider og med fjorden på den fjerde!
  • Linja har nokre fjell- og vandreturar og eit par overnattingsturar i nærområdet på hausten.

Vår

Dette kan du oppleve

  • 4-6 vekers studietur til Kina og Japan
  • Møt det «ekte» Kina og Japan saman med lærarar som er lommekjende i begge landa!
  • Språk, mat og kultur som i første halvår!
  • Kinesiske og japanske dokumentarfilmar
  • Kinesisk og japansk matlaging
  • Fjell- og vandreturar i Norge og utlandet
  • Teambuilding og samarbeid i klasse og grupper
  • Reiseplanlegging (studietur)
  • Etter heimkomst lagar vi eit seminar om studieturen for elevane på dei andre linjene på skulen

Reise

  • 4 – 6 veker til Japan og Kina
  • Besøk i storbyar som Beijing, Shanghai, Chengdu, Tokyo, Kyoto og fleire
  • Besøk i små landsbyar i Kina og Japan
  • Fjellturar i Kina, m.a Dei gule fjella
  • Vandring på Den kinesiske mur
  • Vandring langs Li-elva
  • Skulebesøk der vi underviser i engelsk på ein barneskule i Kina

Kva koster linja?

Sjå vår linjevelgar for prisar.

Gå til linjevelgar
{{ slide.caption }}

Studietur til Kina og Japan

Studieturen til Japan og Kina varer 4 – 6 veker og er ein av dei lengste og mest «ekte» studieturane du kan vere med på som folkehøgskuleelev.  Vi flyttar oss over store avstandar i Kina, og du får oppleve alt du har lært om før turen: Beijing med Den forbodne byen, Den Kinesiske Muren og storbyar som Shanghai og Hangzhou. I tillegg besøker vi avsidesliggande område der dei skjeldan har besøk av europearar. For mange er opphaldet på «Håpskulen» er eit av høgdepunkta på turen. For andre er det å sjå pandabjørn noko som blir eit minne for livet!

Etter Kina reiser vi til Japan for å besøke storbyane Kyoto og Tokyo. I tillegg reiser vi til fleire små landsbyar. Vi bruker å kome til Japan i slutten av mars for å få med oss den nydelige, men kortvarige, krisebærblomstringa i landet.

Siste åra har Kovid-pandemien gjort at vi ikkje har fått reist til Kina og Japan. Då har vi reist til  Taiwan og Thailand og laga spennande opplegg der. Våren 2024 reiser vi til Kina og Japan etter at pandemien er over og grensene igjen er opne!

Lenke til Studieturen dei siste åra.

Lenke til videoar om linja og nokre studieturar

Lenke til Håpskuleprosjektet

Passer linja for deg?

Denne linja passar for deg som er interessert i Asia generelt og Kina og Japan speielt. Du må vere motivert til å lære om språk og kultur då dette er sentralt for å kunne få fullt utbytte av den lange studieturen.

Du må møte opp til undervisninga, delta og faktisk ville utfordre deg sjølv litt. Om du er med på aktivitetane blir du ei litt betre utgåve av deg sjølv. Både som enkeltmenneske og i eit fantastisk samspel med andre! Vil du så kan du!

Søk på linja

Utstyr til linja

Som elev på «Midtens rike // Kina og Japan» treng du ikkje anna utstyr enn det du brukar i det daglege i eit aktivt ungdomsliv.

Sommar-, vinter- og regnkle, gode sko samt ein laken- sovepose for overnatting i turisthytte held til det meste.

På studieturen går vi mykje på beina. Alle kan vere med på dette, men det kan vere lurt å bruke tida frå oppstart på hausten til avreise til å kome i litt betre fysisk form. Treningsutstyr høyrer med i kofferten!

Utstyr og fasilitetar på skulen som du kan nytte:

  • Boblebad
  • Badstu
  • Elevkjøkken
  • TV-stover og peisestove
  • Kajakk
  • Surfbrett
  • Skateboard
  • Telt, lavvo og anna basis friluftsutstyr
  • Gymsal, godt utstyrt for ballspel mm
  • Vekt-/treningsrom, godt utstyrt for både deg som aldri har trent med vekter tidlegare og deg med erfaring frå treningssenter

Vi har tilgang til nye klatrehallar i Ørsta og i Volda

Tilgang til utandørs og innandørs skatepark i Ørsta og Volda

Portrettbilde av Miao Haibiao

Har du spørsmål om linja?

Haibiao Miao
Linjelærar Midtens rike
Utdanning i språk og litteratur i Beijing og IKT i Norge. Jobba i 10 år som journalist og redaktør i China Radio International i Beijing. Jobba som journalist i Pakistan. Jobba 2 år som markedsansvarlig og datakonsulent i Beijing Convoyland Co. Ltd. En av to lærere på kinalinjen med over 15 års fartstid.
Utdanning i språk og litteratur i Beijing og IKT i Norge. Jobba i 10 år som journalist og redaktør i China Radio International i Beijing. Jobba som journalist i Pakistan. Jobba 2 år som markedsansvarlig og datakonsulent i Beijing Convoyland Co. Ltd. En av to lærere på kinalinjen med over 15 års fartstid.
Portrettbilde av Qiu Sumin
Sumin Qui
Linjelærar Midtens Rike
Utdanning i språk, litteratur og lingvistikk fra universitetet i Beijing og i Stockholm. Jobba som lærer på universitetet i Beijing og som tolk og oversetter både i Kina og Skandinavia. Skreddersydd og ledet utallige reiser både for grupper og individuelle bakcpackers til Kina og andre asiatiske land. En av to lærere på kinalinjen med over 15 års fartstid.
Utdanning i språk, litteratur og lingvistikk fra universitetet i Beijing og i Stockholm. Jobba som lærer på universitetet i Beijing og som tolk og oversetter både i Kina og Skandinavia. Skreddersydd og ledet utallige reiser både for grupper og individuelle bakcpackers til Kina og andre asiatiske land. En av to lærere på kinalinjen med over 15 års fartstid.