Kvart Ã¥r i april blir «Spenningskurset» arrangert pÃ¥ Bjorli. Dette er ei veke der folk med behov for spesiell tilrettelegging kan møtest og ha det kjekt saman i skibakken og pÃ¥ sitt eige «after-ski» pÃ¥ kveldane.

Møre Folkehøgskule har sidan starten vore med og arrangert Spenningskurset. Elevar og lærarar stiller opp og deltek med liv og lyst og gjer dette til ei oppleving for deltakarane Ã¥r etter Ã¥r. «Meiningsfyllt og veldig artig» er tilbakemeldingane som kjem bÃ¥de frÃ¥ arrangørar og deltakarar!

Å vere elev på folkehøgskule inneber å innsjå at det ein seier, gjer og er, betyr noko både for ein sjølv og andre. Spenningskurset viser dette til fulle!

Reportasjen i lenkja her er frÃ¥ «Norge Rundt» som var til stades i april i Ã¥r og snakka med deltakarar og instruktørar! GÃ¥ til innslag 5. i videoen sÃ¥ ser du kva det handlar om! Norge Rundt – Spenningskurset – NRK TV

Viss du vil vere med på slike opplevingar kan du søkje om plass frå hausten på denne lenkja:

Møre Folkehøgskule – Søknad | Folkehøgskole (folkehogskole.no)