Helse, miljø og sikkerheit på Møre Folkehøgskule

more_fhs_eksterior_01_2013
Møre Folkehøgskule ligg i Kyrkjegata 48 langs E39 i Ørsta sentrum

Møre Folkehøgskule har som mål å skape gode opplevingar innanfor sikre rammer. Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er difor eit viktig fokusområde for skulen. 

Skulen tilbyr elevane opplevingar høgt og lavt, i innland og i utland. Dette krev at vi heile tida vurderer tryggleiken til elevane og det fotavtrykket vi etterlet oss på vår veg. Før alle turar og utflukter gjennomfører den ansvarlege læraren ei risikovurdering som så blir sendt til leiinga for godkjenning. På denne måten sikrar vi at dei gode opplevingane er  innanfor dei risikorammene skulen har.  

Møre Folkehøgskule har forsikringar for elevane, bortsett frå reiseforsikring som det har synt seg at elevane sjølve ofte allereie har eller at dei er dekka av føresette sin reiseforsikring. Det blir då ein unødvendig ekstrakostnad om dette skal gå igjennom skulen også. Alle elevane må altså ha eigen reiseforsikring  

Korona, pandemi og annan sjukdom. 

Vi har så langt unngått å få korona-smitte inn på skulen, men dette veit vi dessverre framleis kan kome. Vi har utarbeidd planar for korleis vi skal takle ev. utbrot av smitte, og har planar med grøne, gule og raude lys som vi har set i verk ettersom situasjonen endrar seg i lokalt eller nasjonalt. 

Vi er særleg sårbare ved oppstart av skuleåret og i etterkant av ferier. Desse situasjonen har vi tatt på alvor og hatt strenge reglar for innslusing av elevar. Slik har vi redusert smitterisikoen så mykje som mogleg. Vi har på mange  måtar vore ein eigen kohort, sjølv om det har vore tilnærma normal samhandling mellom lokalsamfunnet kring oss og skulen. 

Så lenge vi har pandemien gåande vil vi halde fram med naudsynte tiltak. Vi følgjer nøye med på lokale og nasjonale smitteverntiltak og oppmodar også elevane sjølve til å halde seg oppdaterte på desse til ei kvar tid. 

Med helsing

Rune Hovde
REKTOR

E-post: rektor@more.fhs.no
Telefon: 70 04 19 99

Nyttige linkar:

Helsenorge om koronavirus 

Folkehelseinstituttet – temaside om koronaviruset 

Regjeringen om koronaviruset 

Ørsta kommune om koronasituasjonen lokalt