Som elev på Møre folkehøgskule vil du erfare og oppleve ting du ikkje ville ha gjort andre stader. Folkehøgskulen skil seg frå andre skular på mange områder. Den kanskje største forskjellen frå ordinær skule er fridom frå lekser og eksamen. Folkehøgskulane har ein eigen lov som sikrar at dei skal være eksamensfrie og utan fastlagde læreplanar frå det offentlege. Dette gir skulane stor fridom til å legge opp undervisninga saman med elevane. (Elev-)demokrati er såleis sentralt og har gode føresetnadar på folkehøgskulane.
Fagtilbodet og måten læringa vert lagt opp på skil seg frå det du er van med frå andre skular. Samtalar og samarbeid, praktisk arbeid, prosjekt og ekskursjonar er stikkord. Tilbakemelding får du ikkje gjennom karakterar og prøver her, men gjennom samvær og samtalar med medelevar, lærarar og personalet elles.
Med dyktige lærarar, fridom frå eksamen og fastlagd pensum, nye vener, internatet, elevkveldar, spennande studieturar og mykjemeir søkjer folkehøgskulane å legge til rette for at akkurat du, med dine erfaringar, skal få utfalde deg og utforske dine muligheiter. Med andre ord søkjer folkehøgskulen å utvikle heile deg, og på den måten gi deg verdiar for resten av livet.
Det finst ikkje to folkehøgskular som er like. Men dei aller fleste skulane byggjer undervisninga si rundt linje- eller fordjupingsfag, valfag og fellesfag. Du lagar såleis langt på veg din eigen timeplan innafor gitte rammer. Fordjupings- eller linjefaga er det du gjerne søkjer på. Det er stor variasjon i linjetilbodet. Vanlegvis har du rundt 12-16 timer i veka.
Valfaga varierer om mulig enda meir enn linjefaga, både i tema og omfang. Du kan velje fag og emne som er heilt annleis enn linjefaget ditt, eller velje valfag som knyt seg opp til linjefaget. Fellesfag og felles aktivitetar har alle uansett linjeval.
Det er igjen store variasjonar fra skule til skule i kva som er fellesfag. Dei fleste skular har seminar og føredrag frå gjesteforelesarar, morgonsamlingar, allmøte, kor, og/eller fag som tar opp samtidsspørsmål og meir eksistensielle sider ved tilværet.
På folkehøgskulen bur du på internat, som oftast på rom med ein av dine medelever. At du bur på skulen betyr at skiljet mellom skule og fritid mjukast opp. Du møter medelevar og lærarar i andre utfordrande situasjonar enn i »klasserommet». Dagane på folkehøgskulen inneheld fag og sosialt liv, heilskap og detaljar, bredde og fordjuping, samtalar og seminar, fart og kvile, utfalding og ettertanke, moro og alvor.
Nikolaj Frederik Severin Grundtvig, som vi seier er folkehøgskulens far, la for 150 år sidan grunnlaget for ein heilt ny og demokratisk skule i Norden. Han er fortsatt ei viktig inspirasjonskjelde innan pedagogikken. Grundtvig meinte at kunnskap og forståing berre kan utviklast i direkte kontakt med dei fenomena ein ynskjer å bli kjend med.
Derfor vert teori meiningslaus utan praksis med dei aktuelle problemstillingane. Alle forstår at telemarksvingen berre kan lærast med ski på beina. Og arbeider vi vidare med dei erfaringane vi gjer gjennom praksis, blir desse erfaringane utgangspunktet for indre medvit om oss sjølv som individ.
Vi ønsker å legge til rette for at våre elevar får eit år med mange nye venner. Også venner som i utgangspunktet er veldig ulike en sjølv. Vi veit at det berikar den einskilde sitt liv.
Tilhøva ligg godt til rette for det på Møre folkehøgskule fordi vi er en breddeskule. Til saman er vi rundt 90 – 95 elever fordelt på 5 ulike linjer. Vi prioriterer både linjeopplevingar og fellesopplevingar. Det er vår erfaring at det er ei oppskrift på eit kjempefint år! Personalet strekk seg langt for å gi deg kanskje ditt beste skuleår.
Eit år som gir deg tru på deg sjølv og på dine talent. Eit år som sprenger grenser. Eit år som lærer deg å sette pris på deg sjølv og på andre. Også eit folkehøgskuleår består av flest kvardagar, – det er berre det at kvardagane her er så annleis!
Tidligare elevar seier at dei trivst her. Først og fremst på grunn av folka og opplegget, men og på grunn av god standard på internatet og maten. Kjøkkenet vårt serverer næringsrik, velsmakande og populær mat. Tidligare elevar seier at på Møre folkehøgskule:
Levereglar for Møre folkehøgskule
Vi har 18-årsgrense ved skulen vår. Det vil seie at vi reknar med at du er ein vaksen og ansvarsmedviten person når du kjem hit.
Ved Møre Folkehøgskule må vi alle hjelpe til med å skape eit godt miljø. Tilsaman er vi rundt 20 tilsette og mellom 90 og 95 elevar som arbeider, bur og lever saman. Folkehøgskulen er heimen vår. Då treng vi enkle og gode verdiar og reglar for korleis dette skal fungere. Vi treng nokre enkle levereglar.
Vi krev at du respekterer desse fire reglane:
Takkar du ja til ein skuleplass hos oss, så er dette bindande. Dersom du av ein eller annan grunn skulle avbryte skuleåret, vert du belasta med 6 vekers betaling ut over sluttdato.
Vi forventar av deg:
Vi lovar deg:
Når du søkjer om plass på skulen vår, forventar vi at du:
Om obligatorikk:
Spesielt om rusmiddel:
Dersom du bruker eller oppbevarer narkotika medan du er elev på skulen (gjeld også i ferier), så må du rekne med å misse skuleplassen din. Ved mistanke krev vi at du avlegg urin-/ blodprøve for å reinvaske deg, og at skulen blir gjort kjend med resultatet av slik prøve. Nektar du å avlegge slik prøve, vil du og måtte rekne med å misse skuleplassen.
Ved mistanke om bruk av narkotika på skulen, vil vi kontakte politiet – som normalt sett i gong etterforsking.
Når det gjeld alkohol, så tenk over at folkehøgskuleåret skal være eit alternativt skuleår. Skuleområdet skal være ei rusfri sone. Det er ikkje lov korkje å oppbevare eller nyte alkohol på skulens område.
Spesielt om internatet:
Elevane har ansvar for reinhald og hygiene på internata. I tillegg skal du ha kjøkkenteneste og noko reinhaldsoppgåver i fellesrom. Av omsyn til hygiene og elevar med allergiske plager er det ikkje tillate å ha kjæledyr på internatet.
Påfører du skade på skulens eigedom eller tap av skulens eigendelar er du erstatningspliktig.