Om Møre Folkehøgskule

Møre Folkehøgskule i Ørsta er frilynt, og har vanlegvis kring 100 elevar. Elevane har ulik bakgrunn og kjem frå heile landet (og av og til frå utlandet også!)

Med perfekt lokalisering midt i Sunnmørsalpane, har vi ein skule som er prega av mykje aktivitet og (lange) utanlandsreiser. Same kva som driv deg eller kva du trur på ønskjer vi å ta imot deg, og saman skal vi skape eit år du aldri vil gløyme!

Ein elev spelar gitar foran to andre ungdomar

Elevane

Elevane på Møre folkehøgskule er svært ulike. Nokre ynskjer å skape verda si med skarpe strekar, både frå og på klassa sin studietur til Japan. Mange elevar kjem hit for å oppleve Kina eller Thailand, og lære om ein heilt anna kultur. Andre vert tiltrekt mot heftig friluftsliv og mestringsglede, både på Sunnmøre og på Bali.

Skulen har tilsette i alle aldrar, med særs god kompetanse på utenlandsreiser. Elevane drar nytte av skulen sitt store kontaktnett utanlands, der vi skreddersyr opplegg for å mange lærerike og gode opplevingar og nye erfaringar. Alle linjene på Møre Folkehøgskule har lengre utenlandsopphold på programmet, der du får oppleve andre kulturar og teste nye grenser.

Turar

Det er ulike lengder på turane og dei er knytt tett opp til den kunnskap og informasjon som elevane har arbeidd med å tileigne seg på førehand. Skulens noverande reisemål er Thailand, Kambodsja, Vietnam, Kina, Sør-Amerika (Peru), Bali (Indonesia) og Japan.

Fleire av linjene er direkte knytta opp mot Sunnmørsalpane, som kanskje er det mest eksotiske fjellområdet i Noreg. Skulen har veldig god kompetanse i bruk av desse fjella og fjordane, noko som kjem alle elevane til gode. I sommarhalvåret nyttar vi naturen til mellom anna klatring, surfing, padling og kiting. Vinterstid fokuserer vi på skiglede, både i skileik, i anlegg og på toppturar.

Bilde av bygget til Møre Folkehøgskule, med blå himmel og raudt bygg.

Fasiliteter og utstyr

Skulen er godt utstyrt, med mellom anna avansert animasjonssal, keramikkverkstad, gymsal, treningssenter, klatrevegg, bibliotek, klasserom med digitale hjelpemiddel, klassesett for hav -og elvekajakk, telt, lavvoer, klatreutstyr og skredsikringsutstyr.

Kulturliv

Du vil også få møte kulturlivet i Ørsta og Volda, der det blir arrangert mange konsertar med kjende band og artistar. Vi bruker Ørsta Kulturhus som ein aktiv del av undervisninga. Studenthuset Rokken i Volda er kanskje den beste scena mellom Trondheim og Bergen!

Skulen ligg midt i Ørsta sentrum, et steinkast unna gågata og offentlig kommunikasjon.

Jente på fjelltur som smilar og gir tommel opp til kamera

“Åtte månadar på Møre folkehøgskule ga meg betre sjølvtillitt og mange augneblink med enorm mestringskjensle”

Gunn Elise Børset // Friluftsliv Sunnmørsalpane 2019/2020

Klar for eit år du aldri vil gløyme?

Velkomen til eit spennande, sosialt og lærerikt skuleår, fyllt med utfordringar og opplevingar!