Møre folkehøgskule fekk i juni besøk frå idrettslinja ved Askim vidaregåande skule. Dei fekk ein test på livet på folkehøgskule og hadde gode dagar i strålande sol. Sunnmøre fekk vist seg fram frå si beste side! Ei god veke med klatring, kajakk, bading og fisking, og ikkje minst turar i Sunnmørsalpane. Vi håper vi gav meirsmak. Friluftsliv, opplevingar og samhald er grunnen til at ein går på idrettslinje og enno meir grunnen til å søke på friluftslivslinjene på Møre folkehøgskule. Velkomen tilbake og velkomen som søkarar til neste skuleår!