Ved inngangen til palmehelga og påskeferien 2019 er det veldig triveleg å registrere at Møre folkehøgskule bli lagt merke til i Ørsta. Sist helg arrangerte skulen i samarbeid med Ørsta kommune ein strand-ryddedag. Avisa Møre Nytt var tilstades og gav oss eit fint oppslag i avisa på tysdag denne veka. Dette har ordføraren lagt merke til.

Vi fekk eit nytt oppslag i avisa på torsdag, der elevane som har gjort innsatsen får honnør for jobben og ordføraren har blitt imponert. Tusen takk til alle som stilte opp! Å bidra til fellesskapet er både viktig og nødvendig for at vi skal fungere god i lag.

Dei som har vore på Spenningskurset på Bjorli denne veka har også gjort ein innsats for at andre menneske skal ha gode opplevingar. Dette betyr mykje for dei som er deltakarar, men utifrå dei tilbakemeldingane eg får, har også alle som har vore med som hjelparar hatt gode opplevingar.

Eg trur at alle som driv med friluftsliv og aktivitetar i vinter, har fått oppleve Sunnmørsalpane på sitt flottaste, og lært mykje om trygg ferdsel i fjellet. Alle klassene er no trygt tilbake frå studieturar til ulike kantar av verda. Det er mitt håp at alle har fått med seg ny kunnskap og visdom i møte med andre land og kulturar som ein kan ta med seg vidare i livet.

Vi går etter påske inn i ein kort og intens avslutningsfase på skuleåret der vi skal ha gode fellesopplevingar, vere i lag i klassene, og få litt del i det som Kinaklassa og Animasjonsklassa har opplevd på sine turar og ikkje minst vere med på å lage ei god avslutning på skuleåret.

Med helsing

Einar Opsvik, rektor