Vi er veldig glade for at Kina-klassa har returnert trygt frå tur til Taiwan! Den store Kina-reisa vart avlyst, men turen til Taiwan har ikkje vore noko dårleg alternativ. Også denne turen vart forkorta, fordi det vart umogeleg å gjennomføre besøket til Japan, då alle nordmenn fekk klar melding om å returnere til Norge.

Skulen er no inne i si andre veke, der alle lærarar blir utfordra på å gjennomføre undervisning og sette i gang aktivitetar via epost, sosiale medium eller videokonferanse. Vi køyrer med direktesende morgonsamlingar dagleg, «Dagens rett» presentert av kjøkkenpersonalet, linjeundervisning, fellesaktivitetar, romvask og valfag. Vi gjer stadig nye erfaringar.

Helseministeren har forkynt av vi skal få meir informasjon om korleis situasjonen ser ut framover. Vi får denne informasjonen i morgon, tysdag 23. mars. Deretter tar vi stilling til korleis vi skal organisere resten av skuleåret. Vi rettar oss etter dei instruksar vi får frå regjeringa, Folkehelseinstituttet og frå Folkehøgskulerådet.

Med helsing
Einar Opsvik

rektor