Personalet på Møre folkehøgskule vil med dette takke alle elevar for eit flott og lærerikt skuleår! Det er alltid vemodig å skiljast frå dei ein har knytt tett band til og hatt mange og gode opplevingar saman med. Alle tårene som blir felt siste skuledag er fortellinga om gode venskap og gode minner.

Vi har brukt Sunnmørsalpane for alt det er verd, med turar høgt til fjells på barmark og på glitrande pudderføre i bratte fjellsider i vintersesongen. Nokre har fått svært god kjennskap til kinesisk kultur, språk, historie og filosofi, animasjonsklassa har fått grundig opplæring i klassiske animasjonsteknikkar.

All kunnskap og alle opplevingar er solid ballast når ein skal stake ut kursen vidare i livet, «tenke sjæl», ta stilling og gjere dei gode og rette val i alle situasjonar. Vårt håp er at alle gode samtalar og felles opplevinagar har gitt alle litt meir innsikt og klokskap både i forhold til seg sjølv og til verda omkring.

Vi ynskjer alle lukke til vidare og velkomen tilbake til fjorårstreffet som mest truleg blir laurdag 8. februar i 2020.