Møre folkehøgskule inviterer til elevstemne laurdag 22. juni 2019. De som var elevar her for 5, 10, 20, 30, 40, 50 og 60 år sidan er særskild inviterte. Tida går raskt og det er alltid kjekt å møte gamle skulekameratar og kjenningar. Skulen legg til rette for at kulla skal møtast og i den grad det er mulig inviterer vi òg lærarar som kjenner dei ulike kulla. Ta gjerne med songbok eller bilete frå tida de var elevar hos oss. Velkomen til elevstemne!
Med helsing frå rektor og personalet ved Møre folkehøgskule.