Design og Redesign // Nært og fjernt

Alt om linja

På vår nye linje «Design & Redesign» skaper vi alt frå enkle kvardagsplagg til antrekket som gjer at nettopp du blir lagt merke til på festen! Og vi skaper det på ein berekraftig og miljøvenleg måte!

Som elev på Design & Redesign får du samarbeide tett med elevane på Cosplay og Animasjon. Saman skaper og dokumenterer vi både plagg, pyntegjenstandar, kostymer og film!

 

Refuse, Reduce, Reuse, Recycle & Repair!

Vi bruker tid på å finne ut kva som er moten i dag før vi skaper nye plagg, møblar eller interiørartiklar med utgangspunkt i det vi har som ellers alt for tidleg kunne ha vorte kasta i søpla!

Sunnmøre har i alle år vore møbelhovedstaden i Norge. Vi besøkjer møbelfabrikkar og diskuterer design med dei som lever av dette! Sentralt for oss i dei diskusjonane blir korleis vi koblar dette mot dei 5 R-ane; «Refuse, Reduce, Reuse, Recycle og Repair». Slik vi skal gjere det skal det bli bra både for lommeboka og miljøet samstundes med at du får vere med å skape noko unikt!

På Design & Redesignlinja bruker du mykje tid på eit av arbeidsromma våre. Her har vi utstyr og maskiner til å å få gjort det meste. Har du idèane så har vi det andre som skal til!

Vi reiser og vi reiser med meining. Kvifor er berekraft viktig?

Vi har alle eit ansvar for at våre barn og barnebarn skal få ei god verd å leve i! Berekraft på Møre folkehøgskule handlar om å kombinere kunnskap om korleis livet er i andre land med vår eiga besvisstheit om at vi alle har eit ansvar for å arbeide på fleire plan for å sikre ei berekraftig framtid.

«Vi reiser og vi reiser med meining» er vårt motto. Å skape ei berekraftig framtid handlar om meir enn å redusere CO2 utsleppa. Berekraft handlar også om å skape forståing mellom folk og land. Det gjer vi med å besøke og sjå og til slutt forstå.

Men å halde nede utsleppa er viktig. Difor reiser vi berre på ein lang tur i året. Den turen varer heilt opp til 6 veker og vi er både med og arbeider mellom dei som har minst og treng oss mest samtidig som vi får opplevingar med dykking og surfing samt at vi får lære om dagleglivet på den andre sida av jorda!

I starten av skuleåret skal elevane i kvar klasse velge ut 4 av FN sine berekraftsmål som klassa skal ha fokus på gjennom heile skuleåret. Slik er du med på å arbeide for ei betre framtid både for vår generasjon og dei som kjem etter oss! Og det beste av alt: Dette får vi til samstundes som vi får vere med på opplevingar som gir oss minne og vener for livet!

{{ slide.caption }}

Vi opplever. Saman og saman med andre! Slikt blir det minne for livet av!

Studieturen går til Japan saman med Animasjon og Cosplay. Det betyr at vi oppplever. Saman.