Linja «Friluftsliv X // Norge» byr på allsidig friluftsliv, surfing, havpadling og klatring rundt omkring på nydelige Nordvestlandet! Målet er å gjere dei beste opplevingane saman og på ein meir miljøvenleg måte!
Vi bruker Sunnmøre som klasserom, der kjennskap til naturen, kjennskap til oss sjølv og kjennskap til kvarandre står i fokus.
Gjennom utfordringar vil du oppnå meistring gjennom friluftsliv, aktivitetar, opplevingar og refleksjon både som enkeltmenneske og som ein del av eit større fellesskap.
Opplev kva eige heimland har å tilby. Vi legg inn ekstra ressursar i å tilby grundig opplæring på fleire unike norske destinasjonar.
Gå linja heile året eller bli med oss i vårhalvåret. Lag ditt eige studieår med å kombinere denne med ei anna halvårslinje på hausten! Valet er ditt!
Sunnmørsalpane, Hjørundfjorden, Stadt ++
Sunnmørsalpane, Bjorli, Hjørundfjorden, Stadt, Strynefjellet ++
Endeleg pris for skulåret vil avhenge om du går heilårslinje eller berre eitt av halvåra. Sjå vår linjevelgar for prisar.
Gjennom heile vinteren er det stort fokus på å finne pudder og perfekte fjellsider både i skianlegg urørte fjell!
Ressursane for studietur på linja nyttar vi for å finne dei beste surfeforholda, dei beste snøforholda og dei finaste forholda for sti-sykling i Norge!
Likar du utfordringar og søker meistringsfølelse? Dette er ei allsidig linje for deg som er i normalt god form og er motivert. Lær deg eit breitt spekter av friluftsaktivitetar i den flottaste naturen i landet.
På denne linja har vi fokus på fjell og hav, skikøyring og surfing, overnatting i telt og varmen frå bål.
Vi tek utgangspunkt i kvar enkelt sine ferdigheiter og legg til rette slik at du blir utfordra ut frå ditt utgangspunkt.
Som elev på linja «Friluftsliv X, Norge» treng du ein del utstyr. Det er berre å ta kontakt om du lurer på noko når det gjeld utstyr. Mykje kan kjøpast billeg og brukt, og vi gir gjerne råd!
Tilgang til klatrehall i Ørsta og i Volda
Tilgang til utandørs og innandørs skateparkar i Ørsta og Volda