«FIT // Thailand» er ei allsidig idretts- og friluftslivslinje der du får opplevingar både heime i Norge og ute i verda! 3-4 veker i Thailand medan vinteren enno rår i Norge kombinert med ei veke på ein av dei store alpindestinasjonane når du kjem heim er balsam for både kropp og sjel!
På hausten bruker vi nærområda som klasserom. Kjennskap til naturen, oss sjølve og kvarandre står i fokus. Vi skal på fjellturar, vi går i grotter og vi overnattar på DNT-hytter eller under open himmel om vêret tillet det!
Du vil oppleve meistring gjennom friluftsliv, aktivitetar, opplevingar og refleksjon både som enkeltmenneske og ikkje minst som ein del av eit større felleskap.
PADI-dykkarkurs, skikøyring, klatring, tempelbesøk og yoga med topp instruktørar høyrest vel bra ut?
Gå linja heile året eller bli med oss eit halvår og kombiner gjerne med ei av våre andre halvårslinjer! Valet er ditt!
Her finn du informasjon om opplevingar og reiser på hausten og våren.
Sunnmørsalpane, Hjørundfjorden, Runde ++
Thailand, Sunnmørsalpane, Trysil/Åre (eller liknande) , Hjørundfjorden ++
Endeleg pris for skulåret vil avhenge om du går heilårslinje eller berre eitt av halvåra. Sjå vår linjevelgar for prisar.
På FIT linja får du ein 3-4 vekers studietur til dei vakraste strendene i Thailand med fokus på opplevingar både over og under vatn! Du kan snorkle med havskilpadder eller om du tek sjansen så leiter vi etter «Blacktip reef shark». Dette er ein snill hai, men den kan verte inntil 2 meter lang og har faktisk tenner…
Du får vere med på PADI dykkerkurs og vi besøker tempel og fantastiske utsiktspunkt for å forstå meir om dette landet.
Nokre dagar treng vi å lande, og då deltek vi på yogakurs med topp instruktørar. Når energien er tilbake er klatring på legendariske Railey Beach eit nytt høgdepunkt!
Vinteren i Norge/Sverige er også til for å brukast. Vi planlegg å vere ei veke på eit av dei største skianlegga der det blir utfordringar på alle nivå i bakken på dagtid og peisvarme saman på kveldstid.
Om du er motivert og har lyst til å utfordre deg sjølv litt og prøve dei forskjellige aktivitetane innan idrett- og friluftsliv som blir tilbodne så er FIT linja for deg! Du treng ikkje vere i «superform», men dette året gir deg ein fantastisk sjanse til å verte kjend med, og utvikle, det mest fantastiske instrumentet du nokon gong vil få; nemleg din eigen kropp! Vil du så kan du!
Vi forventer at du møter opp, er klar og at du faktisk vil utfordre deg sjølv litt. Deltek du på aktivitetane blir du ei litt bedre utgåve av deg sjølv. Både som enkeltmenneske og i eit fantastisk samspel med medelevane dine!
Vi tek utgangspunkt i kvar enkelt sine ferdigheiter og legg til rette slik at du blir utfordra ut frå dine forutsetningar.
Som elev på linja «FIT, Thailand» treng du ein del utstyr. Det er berre å ta kontakt om du lurer på noko når det gjeld utstyr. Mykje kan kjøpast billeg og brukt, og vi gir gjerne råd!
Vi har tilgang til nye klatrehallar i Ørsta og i Volda
Tilgang til utandørs og innandørs skateparkar i Ørsta og Volda