– Det er viktig for oss at lærarane vÃ¥re er kinesiske! I Ã¥rets kull 2020-2021 i klassa Kina – Midtens rike med Japan er det heile fire jenter som er adopterte frÃ¥ Kina dÃ¥ dei var smÃ¥. Dei legg vekt pÃ¥ at det er spennande Ã¥ møte lærarane Sumin og Haibiao som er kinesiske. Ein fÃ¥r eit anna perspektiv pÃ¥ den kultur-kunnskapen ein lærer pÃ¥ skulen og at stilen til lærarane er ein heilt anna enn norske lærarar har. Dei er samde om at; «det altfor lite undervisning om Asia og Kina i grunnskulen og pÃ¥ vidaregÃ¥ande».

Dei fire jentene har alle fått spørsmål om sin kinesiske bakgrunn gjennom barndommen. Dette kjennes rart fordi ein er fullstendig norsk innvendig. Det er kjekt å møte andre som er i same situasjon, ein får utveksla erfaringar og dele tankar om sin eigen identitet.

Jentene har etter kvart blitt litt meir nysgjerrige på sin bakgrunn, og Kinaklassa på Møre folkehøgskule er ein god introduksjon til landet, historia, kulturen og ikkje minst er det spennande å lære kinesisk språk.

Dessverre hindrar korona-situasjonen klassa i å legge ut på den årlege store kina-reisa dette skuleåret, men lærarane planlegg ei tur for årets kull sommaren 2022.

Klikk her for Ã¥ lese meir om linja Kina – Midtens rike.