Start og slutt: Skuleåret startar 28. august 2021, og er ferdig 14. mai 2022.
Feriar: På folkehøgskulen har vi haustferie i veke 41, vinterferie i veke 8, samt jul og påskeferie.
Aldersgrense: Du må fylle 18 år det året du søkjer. Snittalderen har dei siste åra vore mellom 19 og 20 år.
Søknadsfrist: Første opptaksdato er 1. februar. Skal du vere sikra å kome inn på den linja du ønskjer, er det lurt å vere tidleg ute. Vi har kontinuerleg opptak heilt fram til skulestart. Får du plass, må du betale kr 2.500 i innmeldingspengar, som du ikkje får igjen om du seier frå deg plassen etter angrefristen.
Stipend og lån: Det vert gitt fullt stipend og lån frå Statens Lånekasse for å gå på folkehøgskule. Du kan òg få stipend til heimreiser, rekna etter kor lang reise du har. Søknad sendast til lånekassen før skulestart.
Prisar for linjene:
Animasjon Japan
Kr 119.500
Kina – Midtens rike med Japan
Kr 124.500
Ekstremsport Sunnmørsalpane
Kr 124.500
Friluftsliv Sunnmørsalpane
Kr 129.500
Friluftsliv X Bali
Kr 129.500
FIT – Friluftsliv Idrett Trening, Thailand
Kr 129.500
Personlig trener (PT) Bali
Kr 114.500
NEPAL trekking (ny linje 2021)
Kr 124.500
NB: Vi tek atterhald om endring av prisar som følge av valutakurser, fly- og transporttariffer, samt uforutsette skatter og avgifter som vi ikkje selv rår over. Disse faktorane kan påvirke prisar og/eller innhald i utanlandsturar.
Prisen dekker: Kost og losji, utanlandstur, klesvask, skulemateriell, ekskursjonar, internett, minnebok, skulegenser m.m. Dersom du bur på einerom kostar dette kr 6.000,- i tillegg.
Tillegg i pris for spesialkost:
Angrefrist: Etter at du har betalt innmeldingspengar har du to vekes angrefrist. Du får tilsendt «angreskjema» som då ev. må benyttast. Dersom du nyttar denne retten, har du òg rett til å få tilbake innmeldingspengane. Dersom du avsluttar skuleåret etter oppstart må du betale skulepengar i seks veker etter at du har forlate skulen.
Poeng: Eit fullført år på folkehøgskule vil gi deg to ekstra konkurransepoeng. Vi sender eit brev med informasjon du treng i god tid før skulestart. Dette omfattar skulereglementet og informasjon om kva du treng å ha med deg.
Info om internatet ved skulen:
Reise til og frå skulen: Møre folkehøgskule ligg i Ørsta kommune. Under Sunnmørsalpane. To steinkast frå Ørstafjorden og ein joggetur frå Ørsta/Volda lufthamn. Det går direktebussar frå Oslo, Bergen og Trondheim. Frå Ørsta til Volda tek bussen ti minutt, til Ålesund 1,5 time.
Du kan reise til og frå Ørsta på fleire måter: Fly Ørsta/Volda (Hovden): Widerøe Fly Ålesund: Norwegian, SAS – Buss: Nor-Way Bussekspress – Ferge: Fjord1. Bruk kartet under for å finne reiserute til oss frå der du bur.