Årest elevstemne er i år lagt til 16. august. Set av dagen og helga til å møte gamle kjende. Nedanfor finn du invitasjon og program. Jubilantar frå tilsendt informajson og påmeldingskjema i posten, men du kan også melde deg på elektronisk frå denne websida.

Gå til påmelding for elevstemne 2008 >>>

 

Til

10 års-, 20 års-, 25 års-, 30 års-, 

40 års-, 50 års og 60 års jubilantar.

 

Tida går raskt – dokke som var elevar ved skulen vintrane  1947/48, 1957/58, 1967/68, 1977/78, 1982/83, 1987/88 og 1997/98 er jubilantar.  Historiske personar ved Møre Folkehøgskule. 

Ein knyter sterke band til dei ein går på folkehøgskole saman med – venskap som varer livet ut.  Men dessverre er det slik at ein klarer ikkje å halde oppe den kontakten ein ønsker.  Elevstemne er ein treffstad for gamle vener – eit høve til å mimre, og det viktigare og viktigare etter kvart som åra går.

Elevstemne 2008 – laurdag 16. august

Elevstemne er laurdagen, men mange kjem allereie fredagskveld og organiserer eit ”ekstra-treff”.

 

Programmet vert: Kl. 14.00    

 ”Velkomen atter” ”Velkomen atter”; Gamle vener møtast på skulen.                          

Kl. 17.00 Middag – servering på skulen   kr 150,-  Etter middagen vert det høve til å gå  ”mimrevegar” på skulen

 

Kl. 19.30 Programkveld i gymnastikksalen                                                                       Underhaldning Stemnetalar                                                                                          Programinnslag frå nokre av jubilantane ?

                                                                                                                                      

NB ! Søndag 17. august Kl. 11.00 arranger vi tur med omvising til det nye Aasen-tunet i Hovdebygda.

 

Vi oppfordre alle jubilantar til å ta med gamle bilder, songbok med helsingar frå medelevar m.m. – det er ofte eit av høgdepunkta.

 

Også i år vil vi arrangere elevstemnet utanfor skuleåret.  Grunngjevinga for dette er at då kan vi tilby overnatting til dei aller fleste som kjem tilreisande.  Mange gongar har vi snakka med jubilantar som ikkje har kunne kome til Ørsta fordi dei mangla overnatting. Vi fekk berre positive tilbakemelding frå dei som var jubilantar i fjor. Dei som vil ha overnatting må kontakte skulen snarast for å bestille rom. (Kanskje kan gamle romvenner/venninner dele rom igjen ?)

 

Prisen på overnatting: Dobbeltrom kr. 300,- pr. pers/enkeltrom kr. 350,-  inkl. frukost.  Vi har berre nokre få enkeltrom.

 

Å reise/eller ikkje reise på jubilantstemne/elevstemne er ofte eit spørsmål om prioritering – av tid og pengar.  Særleg dette med tid er avgjerande – men kor ofte har vi ikkje sagt til oss sjølve: Eg vil bruke meir tid på å halde kontakt med vener og familie  – å sette av tid til elevstemne er eit steg i rett veg.

Det er lurt å bruke telefonen og snakke med andre av ditt kull for å ”mobilisere” – mange lurer på om det er andre som kjem, og treng eit ”spark bak” for å ta laust.

Vi legg ved ei liste over jubilantane. Vi manglar nokre adresser – nokre er kanskje for gamle, andre har kanskje flytta.  Kan du hjelpe ?

 

Ta i så fall kontakt med skulen på tlf 70041999, eller på mail;

kontor@more.fhs.no

Påmelding innan 01.08.2008.

 

Velkomen til elevstemne/jubilantstemne !

 

Helsing

 

Odd A. Steinvåg                                              Petra Folkestadås

Rektor                                                             Leiar i elevlaget

 

Gå til påmelding for elevstemne 2008 >>>

Les også våre internettsider på : www.more.fhs.no