Møre folkehøgskule er mykje meir enn toppturar og puddersnø. Vi har eit spekter av valfag som vi er stolte av. Vår gode kinalærar Haibiao Miao kan mykje om Kina og ikkje minst om kinesisk matlaging. Han deler generøst og med godt humør sine kunnskapar og lidenskapar. Eksotiske dufter spreier seg på heile skulen når gruppa som har valfag i kinesisk mat får lære og utfalde seg med ingefær, kvitløk og wok!

Gløym norske kinarestauranter, – her får du oppleve ekte, autentiske kinesiske dufter og smakar! Siste valfagstime fekk gruppa også ei ekstra tilskott; Alle kinakokkane fekk nye forkle som har blitt sydd av stoffrestar og trådrestar av syvalfagsgruppa. Gjenbruk og samarbeid.