Det er populært å vere på folkehøgskule generelt. Og kanskje spesielt på Møre Folkehøgskule i år? Det er iallefall no slik at heile 40 (av omlag 100) elevar i kullet som er ferdige no i mai har søkt om å få vere med vidare som assistent/andre-årselev frå hausten av!

Kor mange som til slutt får tilbod om plass er enno ikkje klart. Skulen held no på å lage eit spennande leiarutviklingsopplegg der andreårs-elevane blir både elevar i eiga klasse men også får bryne seg på oppgåver saman med dei dyktige faglærarane som har ansvar for dei «vanlege» klassene på skulen.

«Det at så mange søkjer på desse plassane syner at det er både spennande og utviklande å gå på folkehøgskule», seier rektor Rune Hovde. «Vi har i år eit fantastisk kull med mange flotte elevar, og det er svært kjekt at så mange av dei ønskjer seg eit år til her hos oss» avsluttar Hovde med eit smil.