Midt i vinterferien var alt klart for årets store hending for «kinaklassa»; studieturen til Kina og Japan! Elevar og lærarar skal vere vekke i 5 – 6 veker. Då besøker dei både kjende storbyar og små landsbyar. Eit høgdepunkt blir å besøke «håpskulen», eit prosjekt som Møre folkehøgskule har støtta i fleire år. Vi har ikkje vore der etter pandemien så det blir ei stor oppleving å kome dit igjen!

Reisa startar i Kina og blir avslutta i Japan. Turen kan du også følge på klassa sin blogg, der dei fortel om opplevingane undervegs!