Veke 38 vart brukt til matauk på Møre Folkehøgskule!

Matauk er eit lokalt uttrykk for «å skaffe seg mat», og det var nettopp det vi gjorde denne veka på skulen. Elevane fekk velje mellom fleire aktivitetar som alle hadde som fellesnemnar å skaffe mat frå naturen for så å lage til og servere denne. Gruppene varierte frå fridykking med plukking av kamskjell, via sauesanking (men der leverte vi frå oss sauene, vi laga ikkje mat av dei!), mat på bål, baking av tradisjonelle brød, flatbrød og kjeks, plukking av sopp, til garnfiske og meir med.

Fredagen var det hausttakkefest der kjøkkenet serverte dei lekraste rettar laga av det som var samla inn gjennom veka både til lunsj og middag. Og sjølvsagt var det som alltid på Sunnmøre fint vêr heile tida slik at dette verkeleg vart nokre flotte dagar både for elevar og tilsette!