Heilt sidan 2004 har det vi kallar «Kinaklassa» (Midtens Rike // Kina & Japan) arbeidd med sitt eige bistandsprosjekt. Opp gjennom åra har dei hjelpt fleire barneskular i fattige fjellområde i Kina og støtta mange barn med deira skulegang fram til universitetet.
I år har alle barna på Pingshidi skule får nye vinterjakker! 50 av dei 89 elevane på skulen bur «åleine» heime i minst ni månader i året medan foreldra finn eit levebrød i byen. Vinteren er på veg og jakkene vil kome godt med!
Neste prosjekt som vi skal arbeide med blir å bygge eit tak mellom undervisningsbygg, toalett og matsalen. Då blir det ikkje glatt og farleg på vinteren når det skiftar mellom snø og regn og elevane slepp også å bli våte inne på skulen resten av skuleåret!
Denne våren skal Kinaklassa igjen på studietur til Kina og Japan og dei skal besøke skulen og barna der. Elevane våre får då også prøve seg som lærarar noko som for mange, både barn og ungdommar, blir eit minne for livet!
Vi takkar alle som har støtta oss i arbeidet hittil!