Vi har sett fram til dette stemnet lenge! Vi har hatt uvanleg god påmelding og vi har jobba med planlegging og skapt forventningar. Spesielt har vi sett fram til å møte bandet «Jude» som hadde ein slags base på skulen for 50 år sidan.
Som alle veit har vi under dei rådande tilhøva ikkje lov til å samle så mange menneske på ein stad. Vi beklager at vi må avlyse, men vi har ikkje gløymt dokke! Vi satsar på å lage eit stort stemne neste år (2021). Vi legg det inn på årsplanen for skulen og publiserer dette tidleg i haust. Vi skal møtast igjen!
Med helsing
Einar Opsvik, rektor
Møre folkehøgskule
Hei!
Er det bestemt kva helg det blir elevstemne neste år? Eg ser at Kristi Himmelfartshelga blir saman med 17.mai. Blir det då lagt til ei anna helg?
Vi driv å skal få kabalen til å gå opp med eit syskjentreff der det skal passe for 8 personar, så kjekt om eg kan få raskt svar.
Mvh
Annlaug Årflot
Hei, fint om du sender spørsmålet ditt til kontor@more.fhs.no slik at administrasjonen kan svare på denne saken. Mvh Webmaster Møre fhs