Internasjonalt utval i Folkehøgskolerådet har utforma «Globalvettreglene» til hjelp i undervisninga på folkehøgskulen. Dei ni reglane har ulike perspektiv på miljø-, klima- og reisespørsmål. Alle blir utfordra på å tenke over og bli meir bevisst sine eigne haldningar og ikkje minst, handlingar. Når det i tillegg følger med ferdigsnikra undervisningsopplegg er det ei enkelt og takknemleg sak å sette i gang med heile elevgruppa.

Etter ein introduksjon har vi del elevane i grupper og gitt kva gruppe ein av globalvettreglane som dei skal lære meir om, og formidle til resten av gruppa i eit lite rollespel. Utfordringa blir å ta dette vidare med gjennom skuleåret og bringe perspektiva inn i samtalen rundt skulen sine reiser. Korleis førebur ein seg på reiser, korleis bidrar ein til å skape kulturmøte og kva læringsmål skal ein ha på ei verkeleg danningsreise?