Vi har lagt bak oss ein haust heilt utanom det vanlege. For dei som har vore på huset i heile haust har det vore både intenst og innhaldsrikt. Mange har fått oppleve Sunnmørsnaturen med vakre haustfargar, men også kjent på regnfulle, sure og kalde dagar. Kreativiteten har blomstra inne på huset med mellom anna ei rekke underhaldande elevkveldar. Vi som er på skulen i dagane fram mot jul, kan enno kjenne restane av dufta frå Kinaklassa sine eksotiske mat-ettermiddagar.

Korona-krisa ser ut til å nærme seg eit løysing, når vi utover våren får ei vaksine. Vi veit enno ikkje kva konsekvensar dette frå for drift, undervisning, restriksjonar og ev. reising. Vi må halde oss innafor dei reglar som FHI til ei kvar tid bestemmer og planlegge deretter.

Vi håper på lysare tider på alle måtar, ein god vinter og eit lærerikt vårsemester!

Med det ynskjer vi alle ei god jul og velkomen tilbake i 2021!