Vår driftsleiar skal i 2021 ha delvis permisjon, og vi treng ny person og lagspelar. Stillinga er ledig frå 01.02.2021 og er i først omgang for eitt år med moglegheit for forlengelse. Vi søkjer etter deg som har lyst til å bli ein del Møre folkehøgskule sitt fellesskap! Alle er viktige deltakarar for å skape eit godt, trygt og lærerikt år for elevane. Vi har ca. 110 elevar fordelt på seks klasser.

Kvardagen er svært aktiv og variert, med mange trivielle arbeidsoppgåver, men også mange sosiale og minnerike arrangement og høgdepunkt. Du må trivast med nærkontakt med ungdommar i ein variert kvardag og tett samarbeid med andre tilsette.

Søknad til rektor@more.fhs.no. Søknadsfrist 01.12.2020.

Fullstendig annonsetekst finn du her:

Driftsleiar i eitt års vikariat med moglegheit for forlengelse.

Arbeidsområde:

  • Forvaltning og vedlikehald av bygningar med teknisk infrastruktur
  • Brannsikring, opplæring og oppfølging
  • Drift og vedlikehald av skulen sine køyretøy
  • Energiøkonomisering
  • Dokumentasjon og HMS
  • Vedlikehald av skulen sine uteområde
  • Arbeide i samsvar for lover og reglar for folkehøgskulen
  • Bidra til gode lærings- og samarbeidsforhold og eit godt miljø for alle på skulen

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning frå høgskule-/universitetsnivå
  • Relevante kurs og erfaring frå liknande arbeid
  • Fleksibilitet
  • Du må trivast i eit ungdommeleg miljø og ein aktiv kvardag
  • Det blir lagt vekt på personlege kvalifikasjonar

Skulen kan tilby:

  • Utfordrande, spennande og interessante arbeidsoppgåver
  • Løn etter regulativ etter utdanning og ansiennitet
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse
  • Kontakt med unge menneske
  • Eit godt arbeidsmiljø og ein varierte arbeidsoppgåver
  • Det er utarbeidd eigen instruks for stillinga

Spørsmål om stillinga?

  • Kontakt rektor Einar Opsvik på telefon 971 76 112 for meir informasjon
  • Søknad med CV og referansar sendast til: rektor@more.fhs.no
  • Meir informasjon om skulen finn du på www.more.fhs.no
  • Søknadsfrist: 1. desember 2020