Vi gleder oss veldig til å ta imot alle i starten av september! Nedanfor følger litt informasjon som gjeld alle. Det blir ein spesiell oppstart der klassene kjem til ulike tidspunkt og skal ha opplegg kvar for seg dei første 10 dagane. Deretter håper vi å fungere normalt, trygt isolert frå ev. smittekjelder i bygda. Vi har mange gode planar for aktivitetar, turar og utflukter. Vi ser fram til å møte alle og til eit flott skuleår!

Oppstart:
Kina-klassa, Animasjon og Friluftsliv Bali skal starte skuleåret tysdag 1. september. Det er offisiell oppstart med middag kl. 16.00. i matsalen. Deretter blir det samling klassevis.

FIT-klassa og Ekstremsportklassa skal starte onsdag 2. september. På same måten som dagen før er det offisiell oppstart kl. 16.00 i matsalen. Samling klassevis etter middag og opning.

Det er fint om alle er på plass til sine tidspunktet. Dersom du kjem dagen før, send oss gjerne ei melding om dette til: birte.einan@more.fhs.no eller på tlf. 90953382. Telefon til skulen er 70041999.

Vaksiner
Det er fleire som har spurt om ein må ta vaksiner no, før skulestart. Sidan det er usikker med utanlandsreiser og vi uansett ikkje skal reise før i vårsemesteret 2021, kan ein vente med dette til juleferien. Vi avsluttar til jul søndag 13. desember. Det er då god tid før jul eller i romjula ti å ordne dette.

Heimreiser
Det vil alltid vere ein ekstra smitterisiko ved heimreiser. Vi ber derfor om at alle unngår dette i størst mulig grad. Dersom du må reise heim i samband med t.d. konfirmasjon eller deltaking på sportsarrangement, må vi drøfte situasjonen rundt dette individuelt før du reiser. Vi skal for øvrig drøfte dette med kommuneoverlegen komande veke for å finne gode måtar å sikre oss mot smitte.

Velkomen til oppstart og eit spennande skuleår!